Konsert på BAS 2. oktober kl.1900: Barth/Hjorthol/Åm: The Broken Vessel

I forbindelse med arrangementet NyMusikk i Bergen sitt 40års jubileum, er det ett arrangement som skjer på BAS, i silokjeller og i toppetasjen/Katedralen. Les mer.

Andreas Barth, Geir Hjorthol og Magnar Åm kom tidlegare i år ut med albumet the broken vessel(Ravello Records/Parma Recordings). Plata er spelt inn i «Propellhallen», ein tom fabrikkhall i Volda, med ein akustikk og ei atmosfære som sette sitt tydelege preg på musikken. Vi siterer frå teksten som følgjer utgivinga: “Metaphorically the building with all its scars could be seen as a broken vessel, left alone and non-productive. And this broken vessel even became the reflection of how our minds had to willingly enter into the nothingness of the creative moment, where we are left with nothing but what we are and what is around us, trying constantly to find a meaningful way into the next moment. This is true both as far as composition and improvisation concerns, maybe even living in general…”

Andreas Barth er ein erfaren perkusjonist som spelar i ulike sjangrar, og som kombinerer akustiske med elektroniske instrument. Geir Hjorthol er ein improviserane trompetist som likar å utforske ulike måtar å bruke instrumentet på. Magnar Åm er ein av våre fremste samtidskomponistar. Han har ein stor produksjon bak seg, seinast med urframføring av operaen Kimen, basert på Tarje Vesaas sin roman. At han også er ein dyktig improviserande musikar, er kanskje mindre kjent. På konserten får vi høyre han på tangentinstrument og glasharpe.

Ein greunnleggande motivasjon i samarbeidet til Barth, Hjorthol og Åm er å skape musikk i samtale med dei fysiske omgjevnadene. Denne gongen skjer det i siloen på Bergen Arkitekthøgskole (BAS) i Sandviken, ein bygning med fleire spennande og klangrike rom, fordelt på ulike etasjar.

 

http://nymusikk.no/no/hva-skjer/bergen-40-rsjubileum