Vurderer du utveksling til hausten?
6. feb, 2026
Vurderer du utveksling frå BAS til hausten, men er usikker på kva for studiestad eller land som kan passe for deg? Då kan dette arrangementet vere nyttig.
Tysdag 10. Februar kl. 1200 inviterer vi til eit informasjons- og inspirasjonsmøte der innreisande utvekslingsstudentar og studentar som tidlegare har vore på utveksling deler erfaringar frå studiekvardagen sin. Dei vil halde korte presentasjonar av skulane sine og fortelje om både fagleg innhald og kvardagsliv som student i utlandet.
Målet er å gi eit meir realistisk bilete av moglegheitene for utveksling, og vere eit supplement til informasjonen du finn på nettsidene våre. Det vil òg vere høve til å stille spørsmål og få svar direkte frå studentar med førstehandserfaring.
Arrangementet passar for alle som er i ein tidleg fase av planlegginga, og som ønskjer inspirasjon før dei søkjer.
Program fra 1200-1300:
- Tampere University –Finland
- Toronto Metropolitan University –Canada
- KU Leuven –Belgia
- University of Antwerp –Belgia
- EKA Tallinn –Estland
- ENSAP La Villette –Frankrike
- UdK Berlin –Tyskland
- Bauhaus-Universität Weimar –Tyskland
- PUCV Valparaíso –Chile
Kom nyfiken – gå derifrå litt klokare.
Velkomen!