Praksis

Det er mogleg å ta pause fra studia på BAS og skaffe deg praksis. Da søkjer du permisjon, siden praksis ikkje er ein del av graden på BAS. Dette er noko vi ser på som positivt, og mange studentar velger å gjere det til dømes etter eksamen i 3.klasse. BAS får tildelingar årleg frå EU for å fremje mobilitet innan praksisopphald for studentar. Denne ordninga gjeld ikkje for praksisplass på norsk kontor, men kun andre land i EU. Du vil kunne få med deg Erasmusstipend for praksisopphald. Vertsinstitusjonane for praksisopphald kan være bedrifter, opplæringssentre, forskingssentra og andre organisasjonar. Du kan sjølvsagt velge å ta permisjon for å ha praksis i Norge, men det vil ikkje generere noko stipend.


Praksis etter endt grad

Det er og mogleg for uteksaminerte diplomkandidatar å få stipend for praksis i Europa etter bestått diplomeksamen. Her vil det gjelde at ein må ha fullført praksisperioden seinast 1 år etter uteksaminering frå BAS. Ein må og melde seg for interesse for dette før ein avlegger diplomeksamen, om ikkje så er det ikkje mogleg å få stipend.


Stipend

Kor mykje du vil få i stipend vil variere frå år til år, for 2021/22 vil studentar motta ordinært stipend på 460 € til Danmark, Finland, Island, Irland, Liechtenstein, Luxembourg, Sverige og UK, og 410 € til andre programland. I tillegg vil praksisstudentar motta 150 € i tillegg til det ordinære Erasmus-stipendet. Studenter som inngår i kategorien «med færre moglegheiter» mottar et tilleggsstipend på € 250. I 2021 definerast dette som studentar med mindreårige barn.


Søknadsfrist

for å melde interesse for dette følgjer i hovudsak permisjonsfristane ved BAS. Dvs. 1. april for haustsemesteret / 1. november for vårsemesteret. Men det er mogleg å melde interesse for praksis fortløpande, og vi tildeler stipend dersom vi har tilgjengleg midlar. Du må i ein kortfatta søknad til BAS oppgi kva land du ynskjer å jobbe i, om du har funne kontor som vil ta i mot deg, og i kva periode du ynskjer å vere der.


Korleis finne praksisplass?

Du som student må sjølv finne eit kontor som er villig til å ta i mot deg. Ta gjerne kontakt med administrasjonen på BAS for oversikt over tidlegare utplasseringar. BAS har mange lærarar som driv eigen praksis i andre land i Europa. Dette er fin moglegheit til å skaffe deg praksisplass. Du kan og søkje etter praksisplassar på desse sidene: www.erasmusintern.org (som drives av organisasjonen Erasmus Student Network, ESN) eller www.iaeste.no (The International Association for the Exchange of Students for Technical Experience).


Formalia

Det må fyllast ut og signerast ei intensjonsavtale (Training Agreement and Quality Commitment) mellom studenten, bedrifta og BAS. Den kan du laste ned her. Alle tre partar må signere. Bedrifta som har praktikanten forpliktar seg til å følgje opp praktikanten på arbeidsplassen, teikne yrkesforsikring, utstede sluttdokument/sertifikat etter praksisperioden. Etter opphaldet skal du fylle ut ein sluttrapport. Erasmus praksisstipend erstattar ikkje lønn, men skal vere støtte til å bu og leve i utlandet. Minimumsopphald er 2 månader, maksimalt 12 månader. (merk at 12 månader er maksimal støtteperiode for både studier og praksis). Ettersom praksisopphaldet ikkje inngår som ein obligatorisk del av studiet ved BAS får du ikkje studiepoeng for opphaldet, men bedrifta skal gi deg et ”sertifikat”/bevis når praksisperioden er fullført og du kan få det oppført i ditt Diploma Supplement som du får saman med det ordinære vitnemålet ditt.

Ta kontakt med adm@bas.org dersom du er interessert i å vite meir om moglegheiter for praksis.