Arrangør: Klimaetaten

Disse arrangementene er åpne for alle, men husk påmelding

Beskrivelse; Korleis kan vi planleggje og byggje utemiljø på skular, som gir fine kvardagsopplevingar for leik og læring, samtidig som dei er attraktive arena for nærmiljøet utanfor skuletida? I dette møtet set vi problemstillinga under lupa med innovative døme frå nær og fjern.

Lenke til streaming kjem på Kommunen sine sider. Det er ikkje naudsynt med påmeldig for å følge med på streaming

Program Ordstyrer: Liz Eva Tollefsen

  • 08:00 Frokost
  • 08:15 Introduksjon v/ Byarkitekten
  • 08:20 Prosjektet; Nyskapande aktivitetsanlegg. Planlegging og medverking v/ Vestland Fylkeskommune, Olsvikåsen videregående skole. og Local arkitekter
  • 09:00 Voldsløkka skole v/Østengen og Bergo
  • 09:25 Amager Fælled skole v/Nord arkitekter
  • 09:50 Spørsmål fra salen
  • 10:00 Avslutning

Nyskapande aktivitetsanlegg: Vestland fylkeskommune har gjennom satsinga Nyskapande aktivitetsanlegg sett søkjelyset på ein av dei viktigaste arenaene for barn, ungdom og lokalsamfunn: skulegarden. Ungdom er hovudmålgruppa, og Jérome Picard frå Local arkitektar vil gjere greie for korleis samskapingsprosessen med Etne kommune og ungdommane skapar ny meining og utforming av skulegarden.

Ein anna deltakar, Olsvikåsen vidaregåande skule, vil ved rektor Helene Systad fortelje om kvifor og korleis skulen har tatt opp i seg lokalsamfunnet sine behov, i bruk av og planlegging for ny utforming av skolebygg og uterom.

Voldsløkka skole: Diskusjonane kring utforminga av Voldsløkka skole har gått i media i haust, mens uteromma har fått mindre merksemd – men her er det mykje nytenking som kombinerer møblering, fargar, overvatn, natur og frileik på ein omtenksam og vakker måte. Landskapsarkitekt Kari Bergo frå Østengen og Bergo kjem og tek oss inn i prosjektet.

Amager Fælled skole: I 2011 vart det bestemt å gjere den lukka og grå skulegarden ved Amager Fælled skole om til ein meir open, moderne og aktiv skulegard. Skulegarden gjekk frå å vere eit inngjerda og nokså monotont asfaltområde til å verte ein aktiv og naturskjønn møteplass for både elever og andre i nærmiljøet. Arkitekt Johannes Pedersen frå Nord arkitektar vil dele innsikt og erfaringar frå prosessen.

Vi oppmodar særskilt skuleleiing og nøkkelpersonar med utbyggingsansvar til å delta.

Det er avgrensa med plassar, så om du ikkje kjem så er det fint om du melder deg av på lenke som du får på mail ved påmelding.

Bærekraftig frokost er eit samarbeid mellom Bergen kommune, Vestland Fylkeskommune, Statsforvaltaren i Vestland, Høgskulen på vestlandet, Bergen Arkitekthøgskole og Universitetet i Bergen

Påmelding her: https://billett.bergen.kommune.no/Detaljer/EVENT/v_FbcmtYDQUnC1ns5zPtRA~~/0GGIOlQ–lx55hkSKFi7Le-wyM4lriIx7V-HzqwTo8BHWA7sZ6Ol4m48RqWVHATiL9I6F-RrQEARg-rmNgcq2Q~~?unpublished=CEyPlOoPzhvD5goXu5JRlg~~