EIN GOD KOLLEGA

Det er med vemod vi har fått bodskapen om at vår gode kollega Tryggve Fett ikkje lenger er mellom oss. Dei seinare åra var han sentralt med i lærarkollegiet ved Bergen Arkitekthøgskole, og mange studentar hadde stor glede av undervisninga i europeisk arkitekturhistorie, som han hadde særskilt ansvar for. Han var ein engasjerande forelesar, og hans entusiasme for kulturhistorie og gode faglege diskusjonar smitta over på alle, både studentar og lærarar. På byvandringar og ekskursjonar delte han romsleg av sine kunnskapar, ikkje berre om Bergens byhistorie, men også om den nasjonale arkitekturhistoria.

      Tryggve Fett var både arkitekt og arkeolog, og i sine unge år deltok han i forskargruppa som hadde det faglege ansvaret for utgravingane i Gamlebyen i Oslo. Her kom Tryggves kvalifikasjonar til sin fulle rett, med ein kombinasjon av nøyaktige observasjonar og eminente rekonstruksjonsteikningar av funna, som har gitt oss viktig innsyn i detaljane i mellomalderens trearkitektur i byane. Dette arbeidet har hatt verdi for det historiske oversynet i Norsk Arkitekturhistorie, og det formidlar eit fascinerande nærbilete av sentrale faser i den teknologiske utviklinga av den norske trearkitekturen.

       Under forelesningar og på vandringar i den byen han kjende så godt, hadde vi stort utbytte av Tryggves evne til vide utsyn med lange linjer. Her kom det til syne ein umiskjenneleg slektskap med hans bestefar, vår første riksantikvar, Harry Fett, som kunne gje nasjonens historie eit litterært perspektiv, som då han opna det nye Voss folkemuseum på Mølstertunet i 1928: «At komme op til Mølster er som at gaa ned i fortiden. Stuer og loft … staar der med hele sit eventyrlige præg, som kom vi ind paa et gammelt kongstun.»

     Det er mange som har hatt nytte av og fått verdfulle impulsar frå Tryggve Fetts allsidige erfaring, og hans sosiale og joviale form minnest alle med glede. Vi lyser fred over hans gode minne.

Vener og kollegaer ved Bergen Arkitekthøgskole

Nils Georg Brekke