project

Ein låve i ny form

av Bjørn Are Leivdal
sted
Nordfjordeid, Noreg
år
2022
Introduksjon

Bør ein sjå på alternativ før ein vel å rive for å byggje nytt?
I sentrum av Nordfjordeid står ein låve som eg valde å ta for meg i dette prosjektet. Eg ønskte å kome med eit forslag til korleis låven og området rundt kan gje eit nytt tilbod på Nordfjordeid. Området som eg har jobba med er i dag ein gjennomfartsåre. Eg ønskte å synleggjere potensiale til korleis ein kan nytte dette området betre og skape meir synleg liv

Møte mellom eksisterande og nye element

I området rundt sentrum av Nordfjordeid står det i dag mange låvar som ikkje er i bruk (Figur 1). I sjølve sentrum har andre byggtypar akkumulert. Framleis står ein ganske stor låve att, den står no tom med ei usikker framtid (Figur 2). Mykje av låven er endra sidan den vart bygt fordi den har tilpassa seg ulike bruksområde opp gjennom åra(Figur 6-7). Samstundes er deler av bygget meir urørt, blant anna søyler og murveggar. Med prosjektet ønskte eg å synleggjere at ein låve sine kvalitetar er verdt å ta vare på. Ved å bruke bygget vidare kan ein ta vare på og framheve nokre av bygget sine særpreg. Dette kan òg fortelje noko om området si historie, og låven si tilpassing til ulike program. For å ta vare på låven og kople den betre til resten av sentrum av Nordfjordeid, kom eg med ein idé om å utvikle låven til eit aktivitetssenter med program for alle aldrar (Figur 8).

Låvar er ofte større bygg som gjer at dei har noko redusert kapasitet til å få inn dagslys. Å skape atmosfærar i bygget der ein spelar på overgangar mellom mørke og opplyste soner, kan vere eit element som skapar spenningar og skuggespel mellom det eksisterande og det nye (Figur 9,11,12).

Rundt låven er òg eit grøntområde, som burde blitt utnytta i større grad enn det blir i dag. Dessverre er det slik at dette området har fått mindre aktivitet dei siste åra. Eg kom difor med eit forslag til korleis låven og området rundt, saman kan gje eit nytt tilbod på Nordfjordeid (Figur 4). Låven og grøntområdet har eit stort potensiale til å bli eit bindeledd som skapar samhald i lokalsamfunnet, noko eg ønskte å synleggjere i dette prosjektet. Gjennom å utvikle parkområdet kring låven der ein utvidar parken og etablerer nye volum og program, vil ein invitere meir folk til området (Figur 5). Dette kan gjere parken kring bygget meir attraktiv for fotgjengarar, og slik vil fleire oppdage og oppsøke aktivitetssenteret.