ERASMUS+

ERASMUS+ er det største programmet for samarbeid innan utdanning i Europa. Erasmus+ blir finansiert av EU, og det er mange ulike programområde. For deg som student vil det gje moglegheit å få stipend til studier og praksis i utlandet, på ein av partnerskulane til BAS. Det er og moglegheiter for stipend til praksis etter at du er ferdig utdanna frå BAS.


Erasmus Charter

For å kunne delta i Erasmus + programmet må BAS søke om Erasmus Charter.  Dette er eit kvalitetsrammeverk for aktivitetane innanfor Erasmus+-programmet. Charteret inneheld ei rekke prinsipp som BAS forpliktar seg til å overhalde. Charteret inneheld også ei rekke spesifikke forpliktelsar institusjonane har overfor deltakarar før, under og etter eit mobilitetsopphold. Her kan du lese BAS sitt Erasmus+ Charter for perioden 2021-27

BAS må og informere studenter som skal på utveksling om Erasmus+ Student Charter. Dette dokumentet gir informasjon om Erasmus+ studenten sine rettigheter og plikter. Her kan du lese engelsk versjon.


Erasmus Policy Statement

Eit anna viktig dokument er BAS sitt Erasmus Policy Statement som skildrar institusjonen sin strategi for å oppfylle forpliktelsane i Erasmus charteret. Denne er igjen sterkt forankra i BAS sin strategiplan for perioden 2015-2025 der vi fastslår følgjande handling for å nå målet om å etablere og videreutvikle internasjonale relasjoner:

«Delta i studentutveksling, internasjonale kurs-samarbeid, og i internasjonale fora for å styrke en internasjonal orientering som setter utdanningen i et globalt perspektiv. Både utveksling, mobilitet og gode samarbeidsforhold til andre skoler er viktige spillebrikker for studenter, lærere og kurs».


Utveksling er for alle – inkludering og likeverd

Eit mobilitetsopphald skal vere for all, uansett bakgrunn og føresetnader. BAS pliktar å legge til rette for at også dei med færre moglegheiter får sjansen til eit opphald i utlandet. Difor har vi laga ein Strategi for Inkludering og Likeverd i Erasmus+ og Internasjonal Mobilitet.

Ein person med færre moglegheiter er i denne samanheng definert som «mennesker som av økonomiske, sosiale, kulturelle, geografiske eller helsemessige årsaker, på grunn av sin innvandrerbakgrunn, eller av årsaker som funksjonshemming eller utdanningsvansker eller av andre grunner, inkludert en grunn som kan gi opphav til diskriminering i henhold til artikkel 21 i Den europeiske unions charter om grunnleggende rettigheter, står overfor hindringer som hindrer dem i å ha effektiv tilgang til muligheter under programmet» [9]

Personar som kjem inn under ein av kategoriane under kan ha rett på tilleggstipend frå Erasmus+.

  • har barn under 18 år
  • har funksjonsnedsettelse eller kronisk sjukdom
  • har flyktningestatus

Erasmus+ APP

Som student på Erasmus+ utveksling bør du laste ned Erasmus+ Appen som rettleiar deg gjennom reisa slik at du får mest mogleg ut av ditt utanlandsopphald. Appen er tilgjengelig på  Google Play store (for Android) og på Apple Store (for iOS).


Erasmus Student Network

ESN er ein studentorganisasjon for Erasmusstudentar. Mange universitet i Europa har si eiga lokale ESN-gruppe, og desse har ofte eit sosialt program for internasjonale studentar. Sjå nettsida til ESN for meir informasjon


Fordelar

  • Du får stipend på mellom 470-530 euro per månad. (beløp vil variere etter kostnadsnivå i landet du reiser til) I tillegg er det moglegheiter for ekstra stipend dersom du treng tilrettelegging.
  • Det er enklare søknadsprosess sidan BAS har avtale om utveksling med desse skulane
  • Du betaler ikkje skulepengar til vertsuniversitetet, men ordinære skulepengar til BAS.
  • Du får ofte hjelp til å skaffe deg bustad
  • Opphaldet er førehandsgodkjent som del av graden din ved BAS, så sant du består dei normerte studiepoeng.

Viktig informasjon før, under og etter Erasmusopphaldet ditt

Alle studentar på BAS får høve til å reise på utveksling etter at ein har fullført 3.året. Ein kan velje å vere utanlands i eitt eller to semester som vert del av graden din på BAS. Du kan få Erasmus+ stipend både for studier og praksis, men merk at det kun er studier som er del av utdanninga di. Les meir om praksis i fana under. Du kan få støtte i totalt 12 månader på masternivå, uavhengig om det er studier eller praksis. Minimumslengde er 2 månader for begge typer mobilitet. I tillegg har du moglegheit for å få stipend for praksis i ein ny periode på opp til 12 månader frå du har bestått diplomeksamen på BAS. (recent graduate)

Søk opp land og instistusjonar BAS har avtale med, og ta kontakt med internasjonal koordinator på BAS for meir info (adm@bas.org). Kvar haust vert det arrangert informasjonsmøte med 3.årsstudentane om utveksling, og vi får dei innreisande utvekslingsstudentane våre til å presentere skulane dei kjem i frå, samt at dei av BAS studentane som har vore på utveksling gjer det same når dei returnerer til BAS. Merk deg at vi har mange skulepresentasjonar og rapportar frå utvekslingsopphald som du kan få ved å kontakte administrasjonen BAS. Ein stor del av jobben din er å finne ut kva land og skule du kunne tenke deg å søkje utveksling til.

få med deg informasjonsmøte på hausten i 3.klasse om utveksling. Delta på førelesningar med presentasjonar av dei skulane som er aktuell for utveksling frå BAS. Vi har og eit arkiv med rapportar, presentasjonar (både skriftleg og videoopptak) som du kan be BAS om tilgang til. Vi setter deg og i kontakt med studentar frå akteulle skular som er på utveksling eller har vore på utveksling, slik at du kan få førstehands info om skulen du er interessert i. Les grundig på nettsidenen til skulane du er interessert i om profil, studieprogram og søknadsprosss for opptak som utvekslingsstudent.

lever motivasjonsbrev innan 1. mars / 1. september til BAS der du skriv kort kvifor du ynskjer å reise på utveksling, og setter opp ei liste over skular du kunne tenkje deg, i prioritert rekkefølge. Max.5 skular.

BAS vil så vurdere søknadane, og der det er konkurranse om plassane vil BAS foreta eit valg basert på ditt motivasjonsbrev samt samtale med dine faglærarar.  Felles for dei fleste utvekslingsavtalene er at dei kun aksepterer 1-2 studentar frå kvar skule.

Du vil så få svar frå BAS om kva skule du blir nominert til, og etterkvart vil du få informasjon tilsendt frå vertsinstitusjonen med informasjon om søknadsprosessen. Merk at den er veldig ulik frå skule til skule. Nokre har meir omfattande prosess enn andre, med blant anna krav til portefolio. Søknadsfristane er og ulik frå skule til skule.  BAS vil gje deg transcript of record (karakterutskrift), og assisterer deg med Learning agreement (sjå eiga fane)

Send kopi av opptaksbrevet ditt til BAS.

Signerer Stipendavtalen din (Grant Agreeement) Sjekk at datoane stemmer, stipendet blir berekna ut i frå det så her gjeld det å vere nøye. Fyll inn bankinfo og opplysningar om forsikring.

Fylle ut Online Learning Agreement Dersom du ikkje har gjort det tidlegare som del av søknadsprossen. Utreisande studentar ved BASnyttar Online Learning Agreement (sjå eiga fane for meir informasjon).

Ta OLS språktesten Du får ein e-post med lenke til testsida (sjå eiga fane for meir informasjon).

Lese Erasmus Studentcharter Les om Erasmus-studentar sine rettar og plikter, på nynorsk, bokmål eller engelsk

Få D-skjema frå BAS er ei stadfesting som du legg ved søknaden din om støtte i Lånekassen, der det står at utvekslingsopphaldet er førehandsgodkjent del av utdanning di.

Sjekke generelle råd for utvekslingsstudentar Du må også lese beredskapsbrosjyra.

bustad i utlandet.  Høyre med vertsuniversitetet om dei har studentbustad tilgjengeleg for utvekslingsstudentar. Om ikkje, så vil dei kunne gi deg råd om kvar du kan søke etter bustad. Sjekk ut eit nettverk som BAS er med i  www.HousingAnywhere.com, ei internasjonal plattform for studentbustader. Her kan du søkje opp og booke rom som utreisande studentar i andre land ønsker å framleige, i tillegg til til private aktørar. Du kan og leige ut din eigen bustad I Bergen I den perioden du er utanlands. Det er 100% trygt å booke rom gjennom denne plattforma. Første månads leige blir betalt inn til HousingAnywhere og vil først bli overført til utleiger 48 timar etter at du har flytta inn, og berre dersom rommet er sånn som du er blitt førespegla. Om ikkje får du full refusjon. Du kan booke rom fleire månader før du skal reise ut på ein trygg måte. Du betalar ein liten administrativ avgift til HousingAnywhere for dette. Sign-up here to receive a Bergen School of Architecture VIP profile on HousingAnywhere.com:Signing up with the link above, you will receive priority access to all rooms available. Do you need more information or have a specific question? Send an email to vip@housinganywhere.com and be treated with priority!.

Erasmus Play er ein søkemotor for verifiserte utleigebustader frå platformer i meir enn 24 europeiske land. Her kan du samanlikne tilgjengelige bustader, og du kan  booke trygt og raskt, alle bustader skal vere 100% stadfesta.

 

Stipendavtale/Grant Agreement:
Når du har fått vite at du er tatt opp som student, send opptaksbrev og info om datoar for opphaldet til BAS. BAS vil så berekne stipendet ditt ut frå dette, og klargjere eit Grant Agreement der det beløp og vilkår blir lagt inn. Du må fylle inn din bankinfo, kva konto stipendet skal overførast til. I tillegg må du legge inn informasjon om korleis du er dekka for helseforsikring. (norske statsborgare er dekka gjennom europeisk helsetrygdkort)  I tillegg er det obligatorisk å ha reiseforsikring.
Du vil få eit dokumenter som heiter Certificate of Arrival/Departure  frå BAS. Dette må du få signatur på frå vertsinstitusjonen etter ankomst, og sende tilbake til BAS. Det vil utløyse at du får utbetalt 80% av stipendet ditt.
Når du er ferdig med utvekslinga, må du også få ein signatur frå skulen og sende til BAS.

Kor mykje kan du få i Erasmus-stipend
Frå studieåret 2023/24 er stipendet på anten 530 eller 470 Euro, avhengig av kostnadsnivået i landet:

  • 530 Euro til Danmark, Finland, Island, Irland, Liechtenstein, Luxembourg, Sverige og UK
  • 470 Euro til andre programland

Tilleggsstipend:

Alle utdanningsinstitusjonar som deltek i Erasmus har forplikta seg til å legge til rette for at alle studentar skal kunne reise på utveksling, uavhengig av funksjonsevne.
EU som eig Erasmus programmet ynskjer å stimuler til at fleire kjem seg på utveksling, difor har dei innført eit tilleggsstipend for de som fell inn under kategorien studentar med færre moglegheiter. Dette er et top-up stipend som ein kan få i tillegg til det vanlege stipendet gjennom Erasmus. Tilleggsstipendet er på 250 € ekstra per månad.

Per no er det tre kategoriar som kan kvalifiserer til tilleggstipendet:

  1. Studentar med flyktningstatus
  2. Studentar med mindreårige born
  3. Studenter med varig funksjonsnedsettelsar og kroniske sjukdomar.

I tillegg er det et inkluderingsstipend dersom ein har ekstra behov for tilrettelegging under opphaldet i utlandet.

For å finne meir ut om du kan kvalifiserer for tilleggsstipend, så kan du lese her: Tilleggsstipend Erasmus 

Erasmussstipendet er finansiert av EU og kjem i tillegg til stipend og lån frå Lånekassen. (unntak inkluderingsstipend som må vurderast i høve NAV, Lånekassen og andre støtteordningar)

Trekk
Studentar som trekker seg må betale tilbake heile Erasmus-stipendet dersom opphaldet har vart mindre enn 2 månader.

Dersom utvekslingsopphaldet har vart meir enn 2 månadar når du trekkjer deg, må du berre betale tilbake stipendet for den tida som står att av utvekslingsopphaldet.

Dersom du vert sjuk eller må avbryte Erasmus-opphaldet av andre gode grunnar, kan du søke BAS om fritak frå å betale tilbake heile eller deler av stipendet. Legeattest må leggast ved ein slik søknad.

Dette er eit krav for å få Erasmusstipend, og du vil få tilsendt invitasjon til testenfrå administrasjonen på BAS. Gjennom same systemet har du og moglegheit å følge språkkurs. Avhengig av kva resultat du får, så vil du kanskje måtte ta testen på nytt etter at utvekslinga er omme. Dette kjem automatisk dersom det er naudsynt.

Det er ikkje eit krav til ein testscore frå BAS sin side for å få reise på utveksling, men du må eit visst nivå av språkunnskap for å kunne ha utbytte av utvekslingsopphaldet ditt.  Dei fleste skulane tilrår at du har nivå B1 eller B2 frå CEFR (Common European Framework of Reference for Languages).
Dei fleste klarer seg godt på engelsk, er undervisningsspråket tysk, spansk, fransk eller anna bør du vurdere å ta språkkurs i forkant. Her har Lånekassen moglegheiter for språkstipend. 

Hensikten med denne språktesten er å måle  språkleg utbytte i tillegg til fagleg utbytte av eit utvekslingsopphald. V

  • Studentar som skal ha undervisning på skandinavisk treng ikkje å ta testen. Morsmålsbrukarar kan be om fritak frå testen.
  • Du vil få ein e-post med informasjon før du tar testen, og du finn meir informasjon på nettsidane til Online Linguistic Support.
  • Vi får automatisk melding om resultatet av testen, så du treng ikkje sende det til oss.

ONLINE LEARNING AGREEMENT

Alle Erasmus-studentar må ha ein Learning Agreement eller læringsavtale, før dei drar på utveksling. Denne skal signerast av studenten, BAS og vertsuniversitetet. Dette er ein føresetnad for å få Erasmus stipend.

BAS brukar Online Learning Agreement (OLA), som vert signert digitalt av alle parter.  Nokre skular krev at du fyller ut deira eige skjema for learning agreement som del av søknaden om utveksling. Har dei ikkje eit eige skjema, kan du bruke OLA som utgangspunkt. Du kan då laste ned pdf og sende med søknaden.  Då slepp du å gjere dobbelt arbeid.

  • Du må sjølv opprette ein Online Learning Agreement her. NB! Du må bruke Chrome, Edge eller Firefox (ikkje Internet Explorer)
  • Du logger Google, merk at du må registrere deg første gangen du logger på.
  • Du må fylle ut alle felt før du signerer OLA. Vi har laga ei detaljert brukarveiledning som kan vere til god hjelp med dette, og vi tilrår sterkt å laste den ned.
  • Til dømes må du sjølv finne emnar/kurs ved vertsuniversitetet. Deretter signerer du digitalt.
  • Når du har signert, blir din OLA sendt til BAS (Sending Institution)
  • Dersom alt er ok, signerer BAS din OLA, og den sendast videre til vertsuniversitetet (Receiving Institution) for den siste signaturen.

Du får beskjed på e-post og/eller i Erasmus+ App’en når ein part har signert. Du kan også logge på Online Learning Agreement eller sjå Erasmus+ App’en for å sjekke status i undervegs prosessen.

Dersom du treng meir hjelp eller råd med utfyllinga, kan du kontakte internasjonal koordinator ved BAS.
Vi gjennomgår utfylling av OLA saman med deg om det er behov for det.

Pdf-versjon av OLA?

  • Du kan laste ned ein PDF-versjon av Online Learning Agreement dersom vertsuniversitetet ønskjer ein papirversjon. Denne kan sjølvsagt også signerast på papir om nødvendig.
  • Dersom du ikkje får vertsuniversitetet sin signatur på Online Learning Agreement (OLA) før du reiser, kan du likevel få Erasmus-stipendet så lenge du sjølv og BAS har signert. Då må du sørge for at vertsuniversitetet signerer din OLA så snart semesteret startar og den må vere signert av alle tre partar seinast to veker etter semesterstart.
  • Dersom vertsuniversitetet ikkje kan signere online og ønskjer ein papirkopi, kan du skrive ut ein PDF av Online Learning Agreement. I så fall må du sende ein (skanna) kopi signert av alle tre partar tilbake til BAS.

 

Dokumentasjon på utvekslingsopphaldet: Vertsuniversitetet må stadfeste datoan du har vore på utveksling ved å fylle ut og signere Certificate of Departure. (del 2 av det du fekk signert då du ankom)

Online survey/spørreundersøkelse: Når utvekslingsopphaldet ditt er ferdig, vil du få tilsendt ein epost frå Erasmus+ med ei lenke til ein online surevy/spørreundersøkelse. Denne er obligatorisk å gjere. Send ein epost til BAS når du har gjort det. I tillegg får du ein kortfatta intern BAS rapportmal som du må fylle ut og sende tilbake til oss.

Sluttutbetaling: Når alle desse tinga er fullført, kan du få overført dine siste 20% av stipendet ditt.

Transcript of Record: Få karakterutskrift frå vertsinsitusjonen som du sender til BAS. Dette vil vere avgjerande for endeleg godkjenning inn i graden din på BAS. BAS kan ikkje overprøve resultat frå andre skular, så dersom du stryker på fag på utveksling vil ikkje det bli godkjent på BAS: Normalt krev vi 30 ECTS studiepoeng per semester, dvs 60 ECTS for 2 semester. Nokre skular, særleg der undervisningsspråket er anna enn engelsk, vil seie at realistisk studiebelastning er mindre for utvekslingsstudentar. Dette må avklaras før, eller seinast undervegs i utvekslingsopphaldet ditt. Ta kontakt med BAS om dette syner seg å vere tilfelle.

Portefolio: Du må vere førebudd på å lage portefolio frå studia dine i utlandet som del av det du viser når du tar avsluttande diplomaeksamen på BAS. Vi krev ikkje portefolio som del av godkjenning av Erasmusopphald, men du må lage det før du tar diplomeksamen.

Presentasjon: BAS kjem til å be deg om å halde ein presentasjon av utvekslingsopphaldet ditt etter at du kjem tilbake til BAS for vidare studier. Det kan og vere aktuelt å delta på Internasjonal dag.  Vi ynskjer og at du skal vere tilgjengelig for å bli kontakta av studentar som vurdere utvekslings i tilfelle dei har spørsmål.

Studentar med nedsett funksjonsevne eller kroniske sjukdommar har ofte ikkje same mogelegheiter som andre til å delta i utvekslingsaktiviteter.

Alle utdanningsinstitusjonar som deltar i Erasmus+ har forplikta seg til å leggje til rette for personer med spesielle behov eller som har ei funksjonsnedsetting.

For meir informasjon om dette, les her: Tilleggsstipend for erasmus utveksling. 

Ta kontakt med studierettleiar eller Erasmuskoordinator dersom du tenkjer at dette kan gjelde deg.  Det kan vere mogleg å få eit tilleggsstipend på 250 euro per månad. Samt at vi evt kan søkjer om eit inkluderinsstipend dersom du treng særskilt ekstra tilrettelegging. Då kan vi ved BAS søkje om ekstra midlar frå vårt nasjonale kontor som kan dekkje dokumenterte ekstrautgiftar knytta til utveksling. Behovet må dokumenterast gjennom legeerklæring eller lignande.

 

Det er svært viktig at du les beredskapsinformasjon før du reiser på utveklsing.

BEREDSKAP OG TRYGGLEIK:
Hugs god reiseforsikring og evt. innboforsikring. Det Europeiske Helsetrygdkortet ditt må og du ha med.  Du må gi BAS adressen din der du skal bu i utlandet.

Utanriksdepartementet vil gjerne at alle nordmenn som oppheld seg I utlandet registrerer seg: https://www.reiseregistrering.no/

Sjømannskirken har ein nødapp som kan lastast ned av alle. Her ligg all informasjon til lokalt nødsamband, ambassader, UD (link til reiseregistrering UD), forsikringsselskap med meir. Dette ligg tilgjengelig utan nettverk. Har du nettverk kan du også søke opp kvar du er i kart, finne vegen til nærmaste ambassade med meir.

Veldig nyttig, uansett kvar du måtte vere hen i verden, og i kva ærend. Søk på Sjømannskirken i APP Store, raud og kvit logo, heiter NØDNUMMER.

Anbefalast på det sterkaste!

Elles kan det vere nyttig å melde seg inn i ANSA (Associataion for Norwegian Students Abroad), sjekk ut nettsida www.ansa.no  Dei har og gode forsikringspakkar for studentar i utlandet.

Orienter deg og i BAS sin beredskapsplan, særleg den biten som går på utanlandsopphald. http://www.bas.org/Studentinformasjon/Beredskapsplan

 

 

Det er mogleg å ta pause fra studia på BAS og skaffe deg praksis. Da søkjer du permisjon, siden praksis ikkje er ein del av graden på BAS. Dette er noko vi ser på som positivt, og mange studentar velger å gjere det til dømes etter eksamen i 3.klasse. BAS får tildelingar årleg frå EU for å fremje mobilitet innan praksisopphald for studentar. Denne ordninga gjeld ikkje for praksisplass på norsk kontor, men kun andre land i EU. Du vil kunne få med deg Erasmusstipend for praksisopphald.
Vertsinstitusjonane for praksisopphald kan være bedrifter, opplæringssentre, forskingssentra og andre organisasjonar

Det er og mogleg for uteksaminerte diplomkandidatar å få stipend for praksis i Europa etter bestått diplomeksamen. Her vil det gjelde at ein må ha fullført praksisperioden seinast 1 år etter uteksaminering frå BAS. Ein må og melde seg for interesse for dette før ein avlegger diplomeksamen, om ikkje så er det ikkje mogleg å få stipend.

Kor mykje du vil få i stipend vil variere frå år til år, for 2021/22 vil studentar motta ordinært stipend på 460 € til Danmark, Finland, Island, Irland, Liechtenstein, Luxembourg, Sverige og UK, og 410 € til andre programland. I tillegg vil praksisstudentar motta 150 € i tillegg til det ordinære Erasmus-stipendet.
Studenter som inngår i kategorien «med færre moglegheiter» mottar et tilleggsstipend på € 250. I 2023-24 definerast dette som studentar med mindreårige barn, Studenter med varig funksjonsnedsettelser og kroniske sykdommer, samt studentar med flyktningestatus .

Søknadsfrist for å melde interesse for dette følgjer i hovudsak permisjonsfristane ved BAS. Dvs. 1. april for haustsemesteret / 1. november for vårsemesteret. Men det er mogleg å melde interesse for praksis fortløpande, og vi tildeler stipend dersom vi har tilgjengleg midlar.  Du må i ein kortfatta søknad til BAS oppgi kva land du ynskjer å jobbe i, om du har funne kontor som vil ta i mot deg, og i kva periode du ynskjer å vere der.

Korleis finne praksisplass?
Du som student må sjølv finne eit kontor som er villig til å ta i mot deg. Ta gjerne kontakt med administrasjonen på BAS for oversikt over tidlegare utplasseringar. BAS har mange lærarar som driv eigen praksis i andre land i Europa. Dette er fin moglegheit til å skaffe deg praksisplass.
Du kan og søkje etter praksisplassar på desse sidene: www.erasmusintern.org (som drives av organisasjonen Erasmus Student Network, ESN) eller www.iaeste.no (The International Association for the Exchange of Students for Technical Experience).

Formalia:
Det må fyllast ut og signerast ei intensjonsavtale (Training Agreement and Quality Commitment) mellom studenten, bedrifta og BAS. Den kan du laste ned her. Alle tre partar må signere. Bedrifta som har praktikanten forpliktar seg til å følgje opp praktikanten på arbeidsplassen, teikne yrkesforsikring, utstede sluttdokument/sertifikat etter praksisperioden.
Etter opphaldet skal du fylle ut ein sluttrapport.
Erasmus praksisstipend erstattar ikkje lønn, men skal vere støtte til å bu og leve i utlandet.

Minimumsopphald er 2 månader, maksimalt 12 månader. (merk at 12 månader er makimal støtteperiode for både studier og praksis)

Ettersom praksisopphaldet ikkje inngår som ein obligatorisk del av studiet ved BAS får du ikkje studiepoeng for opphaldet, men bedrifta skal gi deg et ”sertifikat”/bevis når praksisperioden er fullført og du kan få det oppført i ditt Diploma Supplement som du får saman med det ordinære vitnemålet ditt.

Ta kontakt med adm@bas.org dersom du er interessert i å vite meir om moglegheiter for praksis.

Har du spørsmål?